lørdag 25. september 2010

Ein ny fresh start

Kor blei det av lovnaden om at eg liksom skulle bli flink å blogge? :s
Den kan eg vel sei fort la seg i grus...
Eit år sidan sist oppdatering, kan vel kanskje mynte litt på at eg ikkje har så masse å blogge om? Eller.

Vel, på eit år har iallefall ting endra seg:
I desember solgte vi leiligheta i Førde, og flytta opp til Jølster :)
Klarte også på dei tide å gjennomføre vikarkurset sin eksamen med glans :)
Etter det har tida gått meir eller mindre til å jobbe, ordne hus og heim, ta vare på mine eigne og andre...
I sommar so fekk eg endelig lærlingplass i Helse Førde :D (A big CONGRATULATIONS for me!!!) :) So no får tida bur eg tidvis i Måløy og resten på Jølster. I tillegg til mi jobbframtid kom det også en familieforøkelse :) Min bror og hans kjære fekk seg ei nydeleg lita tulle, og eg fekk oppleve å bli tante til nummer 7 <3 Men HEY, kan jo fortelle om vår lille familieforøkelse :D Dette her, det er Qaina :)
Ho er 14 veker gammal I DAG, og er ein fantastisk nydelig hund med et hærlig lynne. :) Ho er ein aktiv "liten" krabat, som krever både tid og oppmerksomheit. Men på dei to små vekene oss har hatt ho, så har ho visst eit ufatteleg stort framsteg på læringsfronten... Ho har også på samme tid fått litt piff i Rusken :) Dei kan sjåast på som to gode vener :)

Så no kan eg vel sei at bloggen er på gli nok ein gong :)
Men verken kan, eller vil, sette noko lovnad om at den blir fulgt opp så godt :)
Veit liksom ikkje heilt ka eg kan blogge om...