lørdag 25. september 2010

Ein ny fresh start

Kor blei det av lovnaden om at eg liksom skulle bli flink å blogge? :s
Den kan eg vel sei fort la seg i grus...
Eit år sidan sist oppdatering, kan vel kanskje mynte litt på at eg ikkje har så masse å blogge om? Eller.

Vel, på eit år har iallefall ting endra seg:
I desember solgte vi leiligheta i Førde, og flytta opp til Jølster :)
Klarte også på dei tide å gjennomføre vikarkurset sin eksamen med glans :)
Etter det har tida gått meir eller mindre til å jobbe, ordne hus og heim, ta vare på mine eigne og andre...
I sommar so fekk eg endelig lærlingplass i Helse Førde :D (A big CONGRATULATIONS for me!!!) :) So no får tida bur eg tidvis i Måløy og resten på Jølster. I tillegg til mi jobbframtid kom det også en familieforøkelse :) Min bror og hans kjære fekk seg ei nydeleg lita tulle, og eg fekk oppleve å bli tante til nummer 7 <3 Men HEY, kan jo fortelle om vår lille familieforøkelse :D Dette her, det er Qaina :)
Ho er 14 veker gammal I DAG, og er ein fantastisk nydelig hund med et hærlig lynne. :) Ho er ein aktiv "liten" krabat, som krever både tid og oppmerksomheit. Men på dei to små vekene oss har hatt ho, så har ho visst eit ufatteleg stort framsteg på læringsfronten... Ho har også på samme tid fått litt piff i Rusken :) Dei kan sjåast på som to gode vener :)

Så no kan eg vel sei at bloggen er på gli nok ein gong :)
Men verken kan, eller vil, sette noko lovnad om at den blir fulgt opp så godt :)
Veit liksom ikkje heilt ka eg kan blogge om...

onsdag 14. oktober 2009

ghosthunters.

har tilbakelagt meg ein kveld med to venninner. Sku nok aldri ha gjort da, sida eg no sit vaken og ikkje får sove... ikkje heilt planen... Trur eg kjem til å sitte vaken til min betre halvdel kjem heim, om ikkje han har havna på sporet av spøkelsa og... Gåsehuda tiltrar nedover ryggen på meg! huff... var ikkje heilt planen... og med tanke på alle lydane som er i denna leiligheta, med tanke på dyr og maskiner og naboen som spiller altfor høg musikk... KLOKKA 5 PÅ NATTA! Trur eg bli sprø! :p
Heile begynte med noen små usle historier om den såkalla øksemannen mot ANGEDALEN! etterkvart so vi bli meir og meir gira og vi omtrent sit oppå kvarandre (litt vanskelig å kjøre med to som omtrent vil opp i fanget på meg) begynner ting å skje... Vi kjører oppover mot Grimeland og plutselig slår lyset i taket seg PÅ! FREAKY, og det var INGEN av oss som var borti det lyset! ikkje en fysisk mulighet for det... og med meg som er heilt KRAKILSK med tanke på gjenferd å slikt så er ikkje det ALLTID like moro! trur hesten som har busatt seg inni hjertet mitt sprang løpsk og prøvde å bryte seg ut gjennom brystet mitt... DAMN IT!
skal ALDRI opp der igjenn på nattestid! ALDRI seier eg! Så nå er det vel på tide å PRØVE å komma seg i seng, kanskje eg klarar å stå opp i lag med min bedre halvdel når han står opp litt ut på dag/kvelden i mårga :p

Kos dåkkor, og ja eg veit, er ikkje så god på detta BLOGgreierne...
To innlegg fra 2008 ser eg... tidene har endret seg etter det, men kanskje eg skal skrive en blogg seinere som omhandler meg og min kjære og den lille "familien" vår? :)

lørdag 2. august 2008

Natt på fagre Jølster

Jah så sitter eg her då... jobbar 140% på ei 60% stilling... syns det er beundringsverdig:D
Klokka tikkar mot kvart over fem, det er natt til lørdag 02august. Første av tre nattevakter på psyk er snart ferdig. var litt rart å slippe å tenke på stell å sånn no...
er vandt me å begynne på stell om en halvtime-times tid. eg angra på at eg ikkje tok med meg noko mat. sku ha kjøpt eit kvart å satt tennene i. det sim frista mest nett no er sjokolade. får vel sei da sånn: når katten er borte danser musa på bordet. :p Ørjan reiser til Portugal utan meg, då skal han få atte med at eg skal nyte ei veke med litt utskeiingar;D

det er nydelig veir ute no:)
heilt rosa på himmelen.

Fekk beskjed av Helen for ei stund sida at "bloggen din, Åse, DEN er kjedelig!"
men ka ialledagar skal eg finne på å gjera med den då? :p eg er ikkje den mest fantasifulle jenta i verda.... Dessverre... men får no sjå om eg får te eit kvart:)

tirsdag 3. juni 2008

Jau jau

Så vart eg og ein del av denne blog verdenen då...
eg veit ikkje heilt kva dette skal no til slutt bli men,
vi satsar på det går bra:)

i skrivande stund er vi midt i lesedagar til eksamen...
kan bli interessant heile greiene trur eg.. huff...
men men, eg er egentlig berre klar for å kunne reise heim frå Os for godt...
GJETT OM det skal bli deilig, men på same tid så kjem eg nok til å sakna mine kjære nye venner! :( eg har fått eit heilt fantastisk forhold til mange av dei, håper det forsetter sjølv om vi blir spreidd rundt heile Norge når skulen er over...

får sjå etterkvart kva som skjer... nå må eg nok lese litt meir...
bevisstløshet er ikkje så reint lite har eg nett funne ut:p


Medan eg les kan no dåke ta for dåke vakre bilder frå England:)
Gutten min koser seg med ei kald øl i sola<3
Solnedgang ut på det opne hav... nydelige greier
Ein oljeplattform i New Castle... joda fine den:p
Skjønar ikkje meg heilt på at det er mogeleg
å kjøre på feil side av vegen

På vei heim atte... Fine turen<3